Leikemiljø i barnehage
Anne Stakston
Fokus på leiken
Rammeplanen legg vekt på at leiken er barnehagens viktigaste sosialiseringsarena. Difor er det viktig at dei tilsette jobbar målretta og systematisk for å utvikle trygge, meiningsfulle og inkluderande leikemiljø. Arbeidet tar utgangspunkt i kroppslige møteplassar og barnas behov i leiken, som mellom anna å tømme, fylle, frakte, samle og improvisere. Romma er no meir fleksible, og barn som tidlegare strevde med å delta, meistrar no betre leiken på grunn av at det er meir ope og ikkje-definert leikemateriell.
Samarbeidsprosessen
Barnehagane har hatt fleire treffpunkt med Lene og Lene-Marie frå STYD kommunikasjon. Prosessen starta med ein felles planleggingsdag og har inkludert mellomarbeid, leiarmøte, befaring og ein felles fagkveld.
Praktisk utvikling
I førre veke gjennomførte vi ein praktisk planleggingsdag der vi fokuserte på konkrete tiltak i leikemiljøa.
Her er nokre bilete frå miljøa i barnehagane våre som viser resultata av arbeidet.