Bli med og marker Verdensdagen for psykisk helse!

Tysdag 22. september inviterer Nord-Fron kommune, i samarbeid med ROP-tenesta, Frivilligsentralen og Elvekanten, til ei triveleg markering i Vinstrahallen.

Hallen er open for alle – og du treng verken vere topptrent eller meister 

Plakat for verdensdagen for psykisk helse i Nord-Fron, 22. september - Klikk for stort bilete

i teppebowling for å bli med. 😊

  • Prøv carpetbowls (teppebowling)
  • Gå ein runde eller fleire på hallmaraton
  • Ta turen innom pop-up-kafeen
  • Gratis kaffi, saft og kaker til alle
     

Ta gjerne med deg ein ven, nabo eller nokon du ikkje har sett på ei stund. Ein liten invitasjon kan bety mykje.

Tillit er beredskap

Temaet for Verdensdagen for psykisk helse i 2026 er «Tillit er beredskap». Tillit blir bygd i møte mellom menneske. Eit hei, ein kaffikopp, ein invitasjon eller ein liten prat kan gjere ein forskjell.