Forbetringar i Vinstra park

Det pågår planlagd gravearbeid i Vinstra park i desse dagar, og besøkande har no tilgang til publikumstoalett i Vinstrahallen! 

Grunnen til gravinga i parken er etableringa av nye hydrantar. Desse vil betydeleg effektivisere vanninga i parken. Resultatet vil gjera det enklare å halde graset grønt og plantane fornøgde, noko som vil bidra til å skape ein endå meir attraktiv og innbydande park for dykk som besøker den. 

Gravearbeidet er ferdig fredag 21. juni.

Tilgang på publikumstoalett for besøkande i parken

Fleire har ønskja seg tilgang på toalett i tilknyting til parken. Vinstrahallen er ofte ope,  men på enkelte helgedagar er det ikkje ope. For at alle i parken skal kunne nyte solfylte parkdagar med mykje leik, er det no tilgang på publikumstoalett i Vinstrahallen. 

Toaletta er tilgjengelege for publikum kvar dag frå kl 08.00 - 20.00.