Frivillige organisasjonar kan no søke om momskompensasjon på varer og tenester

Det er ope for søknader og søknadsfristen er 2. september 2024.
Frivillige organisasjonar som er registrerte i Frivilligregisteret og har frivillig innsats som ein viktig del av verksemda kan søke på ordninga. 

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele i overkant av 2,4  milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2024. Denne ordninga skal fremje frivillig aktivitet, gjennom å kompensere for kostnader som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester. 

Frivillig innsats må vere ein viktig del av verksemda som det søkast om kompensasjon for.  Alle mottakarar av momskompensasjon må vere registrerte i Frivilligregisteret før 2. september 2024. Dette gjeld også dei som søker via sitt sentralledd. Hugs at registrering kan ta litt tid. 
 

Merk:  Dersom organisasjonen er knytt til eit sentralledd (for eksempel Norges 
idrettsforbund, Norges Røde Kors, Norske Kvinners Sanitetsforening eller liknande), så skal 
søknaden sendast via sentralleddet. Ver spesielt merksam på at sentralledda har eigne 
søknadsfristar som er tidlegare enn vår frist. Sjå sentralleddet sine nettsider, eller ta 
kontakt med dei for meir informasjon.

Det kan søkast etter to modellar: Forenkla modell og dokumentert modell. Minstegrensa for å søke etter forenkla modell er 100 000 kroner i søknadsgrunnlag, og etter dokumentert modell er det 7000 kroner i faktiske meirverdiavgiftskostnader. Grensene gjeld ikkje for underledd.

De finn informasjon om ordninga og søknadsskjema på nettsida: 
 Momskompensasjon på varer og tjenester - Lotteri- og stiftelsestilsynet