Gode opplevingar på Fron kulturskole!

Fron kulturskole er felles for Sør-Fron og Nord-Fron, og har undervisning for 150 elevar. Det er likevel plass til fleire!

Mange elevar på scene - Klikk for stort bileteElevar frå Fron kulturskole i aksjon under forestillinga "Fron kulturskole - slår på tråden!"

Kulturskolen sitt tilbud

På kulturskolen kan du lære å spele instrument, spele teater og teikne/måle. 

Opplæringa ein dag i veka er som regel individuell, men i perioder jobbar alle elevane mot eit felles framføringsmål.

Kven underviser på kulturskolen?

Ung kvinne sit smilande ved eit piano - Klikk for stort bileteKristin Rolstad er lærar på Fron kulturskole Anne Grete Bakkene

Vi har tatt ein prat med Kristin Rolstad som underviser i messing, sang og barnekor. Ho har i snitt 15-17 elevar kvart skuleår. 

- Elevane kjem hit til kulturskolen etter skuleslutt og undervisninga varer i 25 minutt. Eg har mykje undervisning til elevar som spelar i skulekorps; skulekorpsa kjøper enkelttimar her. Eg underviser også i sang og barnekor som er veldig populært; her ønskjer vi likevel gjerne fleire elevar!

Når starta du å jobbe her Kristin? 

- Eg starta hausten 2018 og trivst veldig godt. Gode kollegaer som synest det er særleg fint når det er felles framføring. I vår var det forestillinga “Fron kulturskole - slår på tråden” der over hundre av elevane var i aksjon på scena i Sør-Fron kulturhus. Forestillinga handla om kommunikasjon gjennom tidene; frå lur og lokk til notidas insta, snap og tiktok.

Mange elevar på scene i blått scenelys - Klikk for stort bileteFrå Fron kulturskole si felles forestilling våren 2024

 

 

 

 

 

Portrettbilde av Henrik Slåen - Klikk for stort bileteHenrik Slåen - teaterlærar ved Fron kulturskole

Vi spør også Henrik Slåen som underviser i teater. Kor mange elevar har du i snitt kvart år? 

- Talet på elevar fekk ein alvorlig knekk i samband med koronaen så snitt-talet no er veldig lågt. Men no er talet på veg opp att på barnegruppa og vi har ei veldig fin og samanspleisa gruppe som eg håpar skal vekse ytterlegare i åra framover. Pr no så er det 8 elevar på teater. 

-Vi har per definisjon to grupper – barne- og ungdomsgruppe. Men vi må få opp att talet på ungdommar for å ha eit tilbud for dei neste år. Så om det er ein gjeng ungdommar som les dette så er det berre å ta kontakt. 

Kvifor starte med teater Henrik? 

- Det er veldig ulike grunnar; den kanskje viktigaste grunnen er det å skape seg om og vere ein annan og gløyme seg sjølv litt. Og når du opplever et samspel med andre i ei dramatisk scene så kan det gje ekte kjensler sjølv om det er skodespel. Og dei kjenslene er fine å ha med seg i livet ellers, slik at du kan bli betre rusta til opp- og nedturar i det verkelige liv. Og i og med at det er eit gruppetilbud så er det eit veldig sosialt løft fordi alle blir eit lag som leikar saman og skaper magi. 

-Om eg kan gje opplevingar i oppveksten som dei kan sjå tilbake på med glede som vaksne og som dei føler at dei har dratt nytte av, så har eg gjort ein jobb eg kan vere stolt av seier Henrik avslutningsvis.

Til slutt spør vi rektor ved Fron kulturskole Jorun Moshagen om kva som gjer Fron kulturskole spesiell, og korleis det er å jobbe med store prosjekt i lag; 

-Det er stort mangfold i kulturskolen, nokre har vore med i mange år, andre står på scena for aller første gong. Når vi har store forestillingar så er kvar enkelt viktig, og det er summen av alle som utgjer produktet. At alle bidrar i fellesskapet og hjelper kvarandre,  anten du er stor eller liten, rocka eller spelar teater eller går på kunst, er ei viktig erfaring og heilt avgjerande for å kome i mål.  

Jorun minner om at søknadsfristen for opptak er 15. juni - så løp og meld på!

Her finn du meir informasjon om Fron kulturskole og søknad om opptak.