Har eg lov til å sette opp gjerde rundt hytta mi?

Har eg lov til å sette opp gjerde rundt hytta mi?  
 
Er det spesielle reglar som gjeld for området der hytta mi ligg?

Nord-Fron kommune har felles gjerdereglar for alle regulerte hytteområde i kommunen. Det er lov med inntil 300 m2 eks. bebygd areal (BYA) pr eigedom (med unntak av Afstjønna hytteområde).

Før gjerde kan førast opp i samsvar med kommunens gjerdereglar, skal det sendast skriftleg varsel til kommunen. Kommunen skal ha tilsendt målsatt kart over gjerdets omfang/areal. Det skal tydeleg framgå av meldinga at gjerdets omfang er maks 300 m2 ekskludert eigedomens bebygde areal. 

 

 

Meldinga skal sendast til post@nord-fron.kommune.no 

Her er gjerdereglane for hytteområder i Nord-Fron:
Oppføring av gjerde - Nord-Fron kommune