For at Nord-Fron kommune og andre offentlege etatar skal kunne nå deg raskt og trygt med viktig informasjon, er det viktig at kontaktinformasjonen din er oppdatert på www.norge.no. Dette gjeld både e-postadresse og mobilnummer.
Kvifor er dette viktig?
Når du oppdaterer kontaktinformasjonen din, sørgjer du for at du får beskjed når du får digital post frå det offentlege – til dømes frå kommunen, fastlegen din, Skatteetaten eller NAV. Dersom informasjonen din ikkje er oppdatert, risikerer du å gå glipp av viktige meldingar.
Eksempel på meldingar du kan få:
- Varsel om digital post frå kommunen
- Informasjon om helseavtalar eller timepåminningar
- Viktige endringar i regelverk eller tenester

Slik oppdaterer du informasjonen din
Det tek berre eit par minutt å sjekke og oppdatere kontaktinformasjonen din:
- Gå til www.norge.no
- Logg inn med elektronisk ID (f.eks. BankID)
- Sjekk at e-postadressa og mobilnummeret ditt er rett
- Lagre eventuelle endringar
- Du bestemmer sjølv om du vil ha varsel på e-post, SMS eller begge delar. Hugs å oppdatere informasjonen dersom du byter telefonnummer eller e-postadresse.