Inngjerding av hyttetomt

Har eg lov til å sette opp gjerde rundt hytta mi?  
Er det spesielle reglar som gjeld for området der hytta mi ligg?

Nord-Fron kommune har felles gjerdereglar for alle regulerte hytteområde i kommunen, med unntak av for Avstjønna hytteområde. 

Før gjerde kan førast opp i samsvar med kommunens gjerdereglar, skal det sendast skriftleg varsel til kommunen. Varsel/melding kan sendast til post@nord-fron.kommune.no  og ha vedlagt teikning på gjerdet ein ønskjer å sette opp.

Kommunen varslar så aktuelle beitelag om oppføringa, med kopi til hytteeigar/tiltakshavar.

Her finn du meir informasjon om reglar for inngjerding av hyttetomt, samt gjerderettleiar utarbeidd i mars 2022.