Kunngjering av vedtak - Endring av reguleringsplan for Midtmoen etter forenkla prosess

Nord-Fron kommune har vedteke endring av reguleringsplan etter forenkla prosess, jf. plan- og bygningslova §12-14, 2. ledd og delegeringsreglementet i Nord-Fron.

Reguleringsplan for Midtmoen bustadområde (2012):

Administrasjonen har etter delegert myndigheit fatta vedtak om endring av reguleringsplan for Midtmoen. Endringa inneber at det for tomtene 2, 3, 5, 6, 7 og 8 innafor delområda B2 og B3 kan førast opp følgjande bustadtyper: einebustad, einebustad med sekundærleilighet inntil 75 m2 eller tomannsbustad. % BYA for desse tomtene er endra frå 30 % til 35%. 

Regulerte tomter - Klikk for stort bilete

 

Vedtaksdato: 02.04.2025, delegert MLA-sak 60/25.

 

 

Plandokumenta finn ein i arealplaner under planbehandling.

 

 

 

 

 

Det er høve til å klage på vedtaket, jf. forvaltningslova §§28-32. Klagefrist er 3 veker frå kunngjeringsdato. Evt. klage skal vere skriftleg og sendast til kommunen på e-post post@nord-fron.kommune.no eller postadresse Nord-Fron kommune, Nedregate 50, 2640 Vinstra.