Kunngjering - vedtak om reguleringsplan for Skåbugrenda

Kommunestyret eigengodkjente reguleringsplan for Skåbugrenda i møte den 13.06.2024, sak 60/24. Planen legg blant anna til rette for fritidsbebyggelse, turvegar/skiløyper og skistadion med tilhøyrande parkering. Planområdet ligg nord-nordvest for Skåbu sentrum og grenser inntil reguleringsplan for Austlifeltet og Heimstulen.

Det er Areal + som har utarbeida planforslaget på vegner av forslagsstillar Skåbu Fjellgrend AS. Planen er vedteke som områdeplan med detaljplan for delar av området.  Planen er godkjent slik den var lagt ut til 2. gongs offentlege ettersyn i perioden , med nokre små endringar. 

Planen er detaljplanlagt for 58 nye fritidstomter på areala som tilsvarar BF 15 og 18 i kommuneplanens arealdel. Det er sett krav om detaljregulering for øvrige delområde før utbygging. 

Planen viser tur-/skiløyper, stadionanlegg med parkering, tilkomstvegar og anna teknisk infrastruktur. Tilkomst til dei detaljregulerte områda skal vere frå fylkesvegen, via Austlivegen (kommunal veg).

Vedteke plandokument er lagt ut på Arealplaner.no og fana plandokumenter.

Vedtaket kan påklagast til statsforvaltaren i Innlandet innan 3 veker frå kunngjering. Klaga skal vere skriftleg og grunngitt, og skal sendast til post@nord-fron.kommune.no eller Nord-Fron kommune, Nedregata 50, 2640 Vinstra.

Kontakt

Anders Nybakken
Avd.leder- Plan og Landbruk
E-post
Telefon 61 21 61 84