Oversikt Gudbrandsdalen der landmålarar skal arbeide
Kilde Kartverket
I samband med årets flyfotografering i Nord-Fron kommune kan det hende du ser nokre landmålarar ute i felten. Dei er ute for å lage såkalla fastmerke (signal) i grunn som fangast opp av flyet.
Merka er kvite firkantar, måla på fast underlag eller plater montert på bakken. Desse merka er avgjerande når Kartverket skal flyfotografere.
Landmåler ute i felt
Kartverket
Landmålarar på besøk
Viss du eig ein veg eller ein anna egna stad for signalering, som det heiter på fagspråket når det skal settast opp fastmerke for å måle inn flyfoto, kan du få besøk av landmålarar på din eiendom.
Matrikkellova gir dei rett til å plassere signal på både privat og offentleg grunn. Landmålarane tek hensyn når dei jobbar.
Takk for at du let merka vere i fred
Takk for at du ikkje dekkar til, flyttar på eller øydelegg dei kvite firkantane. Vi vil alle nyte godt av å ha oppdaterte kart når landmålarane er ferdige og flyfotograferinga er gjennomført.