Markering av verdensdagen for psykisk helse i oktober

Nord-Fron helsestasjon hadde nyleg markering av verdensdagen for psykisk helse både på Vinstra vidaregåande skule og Vinstra ungdomsskule. 

Bilder som viser elever som er engasjert i fleire øvingar - Klikk for stort bileteMarkering i Vinsta park

Vinstra park var arena for hyggelege møte med VG1-elevar, teambuilding-øvingar og foredrag.
På ungdomsskulen var det servering av vaflar og fruktkarameller! Mange elevar deltok også på quizkonkurranse med premiering.
For begge markeringane var hovedtema: Gje 8 minutt til å bry det om nokon rundt deg! 

Elevar langsmed bord utanfor skule - Klikk for stort bileteStand utanfor ungdomsskulenHelsesjukepleiar og elev ser på ark - Klikk for stort bileteHelsesjukepleiar og elev med informasjonsmateriell

 


Helsesjukepleiar på Helsestasjonen og sosialrådgjevar ved ungdomsskulen var initiativtakarar til skulemarkeringane i Nord-Fron.
 

Kva er verdensdagen for psykisk helse?

Verdensdagen for psykisk helse er ei nasjonal befolkningskampanje om psykisk folkehelse som blir markert av tusenvis over heile landet mellom veke 39 og 42 kvart år. 

Kva er målet med kampanjen?

Målet med den nasjonale kampanjen er å formidle kunnskap, forståelse og åpenheit om psykisk helse, og mobilisere til engasjement og tiltak for den psykiske folkehelsa.