Frå venstre mot høgre: Yngve Rekdal (NIBIO), Per-Sigve Lien (TYR), Ketil Trongmo (NSG), Tor Jakob Solberg (NBS)Skåbuprisen
Prisen er ei utmerking som delast ut til ein person, eit lag, ein organisasjon, osb., som har gjort ein ekstraordinær innsats for bevaring og utvikling av norsk landbruk, matproduksjon og beredskap. Særleg vekt skal leggjast på bruken av norske ressursar og ikkje minst utmarksbeite.
Her finn du vedtekter for Skåbuprisen (PDF, 76 kB).
Komite som avgjer
Ein komité beståande av representantar frå organisasjonane Norsk Bonde- og
Småbrukarlag, Norsk Sau og Geit samt TYR, vil peike ut ein verdig kandidat frå ei liste med nominerte.
Utdeling av prisen under Skåbukonferansen
Prisen vert delt ut inntil ein gong per år, og sjølve utdelinga skal etter regelen føregå
under Skåbukonferansen.
Her finn du program for Skåbukonferansen 29. - 30. august 2025 med tema matproduksjon, beitebruk, beredskap og sentralisering. (PDF, 587 kB)
Skåbuprisen 2025 består av eit verk av biletkunstnaren Patrik Huse og ein diplom teikna
av Fride Gunn Rudi. Vinnar i 2024 var Yngve Rekdal.
Kontaktinformasjon - innsending av forslag
Begrunna innspel til kandidater sendes til Inga Haugdahl Solberg;
inga@smabrukarlaget.no , innan 15.06.2025.