TID er ein arbeidsmåte som hjelper personalet å forstå kvifor ein pasient blir uroleg, redd eller forvirra. Når dei forstår årsaka, kan dei finne gode løysingar saman.
TID står for «Tverrfagleg intervensjonsmodell ved utfordrande åtferd ved demens og andre psykiske tilstandar».
Slik fungerer TID
Hedda Kolobakken ( vernepleier og fagkoordinator Sundtunet) Merete Byre- Haakensen sykehjemslege, Unni Plassen Fosshaugen ( sykepleier og fagkoordinator langtidavdelingen. Torill Nystuen deltok også på kurset ( ikke på bildet)- Personalet kartlegg situasjonen grundig.
- Fleire faggrupper møtest og drøftar saka saman.
- Dei lagar tiltak som er tilpassa kvar enkelt pasient.
Kurshaldarane er våre eigne tilsette
Fire tilsette på Sundheim har no teke kurshaldarkurs. Dermed kan dei lære opp kollegaene sine sjølve. Det fyrste basiskurset er allereie halde.
– Vi har eit godt utgangspunkt for å utvikle ein felles, kunnskapsbasert arbeidsmåte som kan styrkje både pasientomsorga og arbeidsmiljøet, seier sjukeheimslege Merete Byre-Haakensen.
Tydeleg endring alt no
Så langt har Sundheim brukt TID rundt éin pasient. Personalet har sett ei klar endring i positiv retning.
– Når vi forstår pasienten betre og finn gode løysingar saman, gir det betre omsorg. Det gir også meir meistring og arbeidsglede for oss som jobbar her, seier Byre-Haakensen.
Norsk forsking viser at TID kan redusere uro hos personar med demens. Studiar viser også at tilsette som brukar modellen, kjenner seg tryggare i jobben.
Vegen vidare
TID kjem frå demensomsorga, men arbeidsmåten passar også andre stader på sjukeheimen, til dømes på korttidsavdelinga. Målet er at TID skal bli ein fast del av kvardagen på Sundheim.