Sambruk og lokalisering 2025 – framtidsretta løysingar for Nord-Fron

Nord-Fron kommune jobbar med prosjektet Sambruk og lokalisering 2025, som ser på samlokalisering av ein ny 1–10-skule, helsehus og kulturtenester. Målet er å tilby betre tenester, meir aktivitet og eit levande sentrum.

Kvifor gjer vi dette?

Mange av dagens bygg er utdaterte og ikkje tilpassa framtidige behov. Kommunestyret har vedteke bygging av ein ny felles skule, og det er samtidig behov for investeringar innan helse og kultur. Ved å samle desse funksjonane, kan vi skape framtidsretta og kostnadseffektive løysingar.

Kva omfattar prosjektet?

  • Ny 1–10-skule med fleirbrukshall, som erstattar tre eksisterande skular.
  • Kulturhus, som kan samle bibliotek, kino, kulturskule, frivilligsentral og ungdomstilbod.
  • Helsehus, med legekontor, helsestasjon, fysioterapi og psykisk helse.

Medverknad frå innbyggjarane

Kommunen legg opp til opne møte, verkstadar og digitale innspel for å sikre gode løysingar.

Vidare framdrift

Prosjektet vart starta i februar 2025, og kommunestyret får eit beslutningsgrunnlag innan juni 2025. Det blir no jobba med analyser, kostnadsberekningar og visualiseringar.

Vi ser fram til å utvikle framtidas løysingar saman med innbyggjarane! 

Les meir om prosjektet her!