Kvar held vi til
Inngang til BUA frå nedsida av Gammelbanken
Sigurd Maurstad Brendløkken
BUA Vinstra held no til i Nordre Byre 9 (kjellaren på Gammelbanken).
Åpningstider:
Tysdagar kl. 15-18.
Akematter
Marie Olstad
Enkelt å låne
Når du først er i BUA, finn du utstyret du treng og avtalar kor lenge du ønskjer å låne det. Standard lånetid er ei veke. Første gong du låner må du vise legitimasjon og er du under 18 år må du ha med ein vaksen første gongen.
Vi går over utstyret etter bruk, men er avhengig av at du tek vare på utstyret når du låner det. De er fint at du reingjer utstyret før du leverer det tilbake.
Truger og akeutstyr
Marie Olstad
Inkludering, inspirasjon og redusert forbruk
BUA er eI ordning som gir barn, ungdom og familier moglegheit til å låne sport- og fritidsutstyr gratis. Målet med BUA er å gjere det enklare for alle å delta i fysiske aktivitetar, uavhengig av økonomi. Gjennom BUA kan du låne alt frå ski, skøyter, syklar og friluftsutstyr.
BUA er ein viktig del av arbeidet for å fremje folkehelse, inkludering og miljøvennlig forbruk. Ved å låne utstyr gjennom BUA reduserer vi behovet for å kjøpe nytt, samtidig som vi senkar terskelen for å prøve nye aktiviteter.
Velkommen til BUA Vinstra - vi håpar at utstyret får lufta seg i vinterferien!