KI-generert bilde av børstebilKvart år gjennomfører Nord-Fron kommune ei grundig vårreingjering av kommunale vegar, plassar og gang- og sykkelvegar. Arbeidet skjer både i regi av kommunens eigedomsavdeling og i samarbeid med ekstern entreprenør.
No er årets arbeid godt i gang – og alt skal vere ferdig innan nasjonaldagen 17. mai.
Framdriftsplanen for vårreingjeringa
Det er sett opp ein plan for når ulike område i kommunen skal bli reingjorde. Her er hovudpunkta:
- Sentrum (særleg Vinstra og Kvam): Skal vere ferdig reingjort innan 30. april
- Bustadområde i Vinstra og Kvam: Skal vere ferdige innan 7. mai
- Øvrige område i kommunen: Ferdig innan 15. mai
- Gang- og sykkelvegar (G/S): Vert prioritert før hovudvegar i øvre Vinstra og Toksefeltet
I tillegg vert kommunale formålsbygg prioritert først, og entreprenøren følgjer eit oppsett som er definert i driftsavtalen.
– Godt samarbeid og god flyt
– Vårreingjeringa går førebels etter planen, og samarbeidet med entreprenøren fungerer svært godt, seier Even Solbraa, avdelingsleiar for VVA i Nord-Fron kommune.
Avdelingsleiar for eigedom Erik Kvernes føyer til:
– Vi vil gjerne takke innbyggjarane for tolmodet. Det er mange område som skal reingjerast, og vi gjer vårt beste for å få alt klart til feiringa av 17. mai.