Digihjelp

Er du digital nybegynnar? Treng du hjelp til å bli ein digital deltakar i samfunnet?

På biblioteket kan du no få hjelp av frivillige til å bli meir digital. Målet med veiledningen er hjelp til sjølvhjelp på nettbrett, smarttelefon og PC. Ta med det utstyret du treng veiledning på, hugs eventuelle passord og lader. Vi har og nettbrett du kan prøve ut.

Digihjelpen er eit samarbeid mellom Nord-Fron Frivilligsentral og Nord-Fron bibliotek. Det blir 4 gonger no før jul, tysdag 8. november, 22. november, 6. desember, og 20. desember, kl. 12.00-14.00 kvar gong.

Tips gjerne aktuelle deltagarar om tilbodet og ta kontakt med biblioteket om du vil ha meir informasjon.

Kontakt

Bibliotek
E-post
Telefon 61 21 62 20