Er du student?

Vi har arbeidsplassar og kan hjelpe deg med pensumlitteratur!

På biblioteket kan du arbeide med studiane dine og få hjelp til å skaffe pensumlitteratur og anna litteratur. Vi har arbeidsplassar, trådlaust nett og god kaffe. 

Biblioteket har ikkje så mykje pensumlitteratur på hyllene her, men vi kan bestille inn frå andre bibliotek. Om du vil bestille så er det fint om du tek med deg eller sender oss litteraturlista, og at du har plukka ut dei bøkene du vil starte med. Det er 4 vekers lånetid, så det er lurt å ikkje bestille alt på ein gong. Det er mogleg å fornye låna så lenge det ikkje er venteliste på eigarbiblioteket.

Vi kan og hjelpe til med å søke opp og finne litteratur og artiklar til oppgåver og anna studiearbeid. 

Velkommen innom oss! 

Kontakt

Bibliotek
E-post
Telefon 61 21 62 20