Leksehjelp og Språkkafé på biblioteket

No har både leksehjelpa og språkkaféen starta opp att på biblioteket. 

Leksehjelp

Leksehjelp er kvar måndag frå kl. 14.30, med oppmøte seinast kl. 15.00.

Leksehjelpa er for elevar i grunnskule, vidaregåande og vaksenopplæringa, med eit anna morsmål enn norsk. Det er frivillige som er leksehjelparar. 

Språkkafé

Språkkaféen møtast kvar onsdag kl. 13.30, med oppmøte seinast kl. 14.00.

På språkkaféen kan du øve deg på å snakke norsk og gjere språkøvingar saman med andre. Frivillige og deltagarar snakkar saman på norsk, drikk kaffe/te og øver på språket saman. 

Begge tilboda er i samarbeid med Nord-Fron frivilligsentral. Tilboda er gratis og det er ingen påmelding. 

Kontakt

Marianne Bøe Jervell
Biblioteksjef
E-post
Mobil 97 53 20 90