Flipp
FlippFlipp er ein nettstad og app som gir deg tilgang til 90 magasin og kryssordblad frå Norden. Her kan du lese blad som Her og Nå, Hjemmet, Kamille, Donald Duck, Villmarksliv og mange fleire!
Pressreader
PressReader er ei avisbase som gir nettilgang til ca 7000 papiravisar og magasin på rundt 60 språk. Her kan du lese dagens ferske papiravisar og utgåver inntil tre månader tilbake i tid. Du finn både Aftenposten, Dagbladet, Dagsavisen, Bergens tidende og Stavanger Aftenblad tilgjengeleg. Vil du lese nyheiter på andre språk finn du aviser på engelsk, arabisk, urdu, polsk eller tyrkisk her, i tillegg til mange andre språk! Du finn og ei rekke norske vekeblad og tidsskrift, som Se og hør, KK, Vakre hjem og interiør, og Vi over 60.
Tilgang på biblioteket
Logg deg på bibliotekets trådlause nettverk og åpne appen Flipp eller Pressreader. Du vil automatisk ha tilgang i 7 dager etter besøket.
Tilgang heimefrå
Du må ha eit lånekort registrert ved Nord-Fron bibliotek og pinkode/passord slik at du kan logge deg inn her:
https://nord-fron.bib.no/cgi-bin/m2
I nettleser:
- Logg deg inn på "Min side" med ditt bibliotekkortnummer (eller e-postadresse) og passord.
- Klikk på "digitale tjenester" i menyen.
- Klikk på “Flipp” eller “Pressreader” og deretter “Trykk her for å gå til Flipp/Pressreader”.
- Flipp eller Pressreader vil opne i nettlesaren din.
- No har du tilgang i 7 dagar.
Via Bibliofil-appen:
- Logg inn i appen med bibliotekkortnummer og passord.
- Klikk på menyen nederst og velg "Digitale tjenester".
- Klikk på “Flipp” eller “Pressreader”.
- Tenesten vil opne seg i Bibliofil.
- No har du tilgang i 7 dagar.
Filmoteket

Vi har fortsatt abonnement på Filmoteket! Her kan du velgje blant norske, nordiske, europeiske og internasjonale titlar for både barn, ungdom, familiar, og vaksne, alt frå klassikarar, filmatiserte bøker, store Oscar-vinnarar og Hollywood-filmar til smalare filmar.
Du kan låne åtte filmar i månaden. Lånte filmar kan du sjå i 48 timer, på alle plattformer, i alle kjende nettlesarar. Du kan også overføre filmane til større skjerm via AirPlay og Chromecast. Du må registrere deg på Filmoteket for å bruke tenesta.
Kom i gang med Filmoteket:
- Gå til filmoteket.no
- Velg "Logg inn" i menylinja
- Klikk på "Registrer ny bruker". Tast inn lånekortnummer og pin-kode. Her bruker du same pin-kode som du bruker til å logge inn på bibliotekets nettside.
- Fyll inn epostadresse og lag eit passord. Dette passordet bruker du når du skal logge inn på Filmoteket.
- Du får tilsendt en bekreftelsesmail, sjekk e-posten din og bekreft denne.
- Snurr film!
Er du glad i kortfilmar og dokumentarar så prøv Filmbib! Sjå norske kortfilmar og dokumentarfilmar heilt gratis her. Alle med nasjonalt lånekort har tilgang.