Kyrkja i Nord-Fron og Nord-Fron bibliotek har sidan våren/sommaren 2022 hatt eit samarbeid om å lese for bebuarar på Sundheim. No søkjer vi etter fleire frivillige som kan tenke seg å vera lesevenner!
Sist endra 30.10.2024 17.44
F. v. lesevenner: Ina Nitter Walaker, Linda Myromslien og Per Øyvind Fredin
Marianne Bøe Jervell
Forsking syner at 1/3 av Noreg sin befolkning har utfordringar eller ikkje kan lese knytt til ulike grunnar. Difor er det eit viktig samfunnsoppdrag å lese for folk. Og vi treng fleire frivillige som kan lese for denne målgruppa!
Ein stor del av det å vere ein lesevenn er å finne litteratur og tekster som passar for dei vi les for. Relevante tekster er korte tekster det lar seg gjera å lese på ein økt mellom 30 og 60 minutt. Lesevennene les ofte fleire tekster frå same bok innafor denne tidsramma.
Hausten 2024 les vi tysdagar kl. 17.00. Vi rullerer mellom Sundheim sine avdelingar Øst, Vest og Sundtunet. Og vi skifter på kva for tysdagar vi les.
Viss du ynskjer å bli lesevenn kan du kontakte diakon, Per Øyvind Fredin (Kyrkja i Nord-Fron), eller Marianne Bøe Jervell (Nord-Fron bibliotek). Og ta gjerne kontakt om du har spørsmål!